
Alice bur i ein blokk i drabantbyen med mor og syster si. Ho lengtar vekk frå røtene som held henne fast, og frå eit statisk og fastfrose jente- og kvinneliv. Så møter ho ein som kan ta henne med til ei anna verd, han har bil, og saman køyrer dei nedover Autobahn på jakt etter Wonderland. Alice A4 går i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Carroll si barnebok Alice i eventyrland frå 1865. I Bråtveits roman er Alice ei ung jente på terskelen mellom barn og vaksen. Romanen fortel ei både bakvend og rett fram historie om korleis Alice mistar og finn seg sjølv att gjennom det ho håpar og trur er den fyrste store kjærleiken – ein kjærleik ho etter kvart som ho vert eldre, med valdsam kraft prøver å kjempa seg ut or og fri seg frå. Men kvar gong Alice trur seg fri, oppdager ho at ho på nytt er fanga inn av si eiga innbilte frigjering. Alice A4 syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.
Author

Inger Bråtveit (f. 1978) er frå Suldal. Ho debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den fekk ho Nynorsk litteraturpris, og ho vart kåra til "Årets debutant" på Forfatterne.net. Boka er også blitt omsett til svensk. Ho har vore medredaktør av litteraturtidsskriftetet Vagant, og arbeider no som omsetjar for Det Norske Bibelselskap sitt prosjekt «Bibel 2010», ein fullstendig revisjon av nynorsk -og bokmålsutgåva av Bibelen. Bråtveit har sidan 2008 arbeidd saman med den norske musikaren og skribenten Jenny Hval a k a Rockettothesky, og saman har dei m. a skrive og framført dei performative førestillingane Frå Mummy Big til Medea og Take My Voice. Hausten 2008 kom Bråtveits andre roman Siss og Unn, ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne. Inger Bråtveit fekk sølvmedaljen i Dag og Tid si kåring av Årets Beste Nynorskbok 2008 for Siss og Unn, utan å vera nominert. Ho vart også nominert til Kritikerprisen. I 2009 fekk Bråtveit Bjørnsonstipendet, Bokhandlerforeningens forfatterstipend. I 2010 mottok hun Suldal Mållags målpris.