Margins
Alt inkludert book cover
Alt inkludert
2015
First Published
3.71
Average Rating
319
Number of Pages

(Omtale fra forlaget) Skarpt portrett av Noreg Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Avg Rating
3.71
Number of Ratings
394
5 STARS
17%
4 STARS
49%
3 STARS
24%
2 STARS
9%
1 STARS
1%
goodreads

Author

Marit Eikemo
Marit Eikemo
Author · 10 books

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved