Etter vatnet kom, vart det stille. Det lettaste flaut til toppen, trengde gjennom hinna med ein komisk lyd. Små, lette firkantar spratt, braut ei roleg overflate, medan kavet under heldt fram usett og uhøyrt. Alt har endra seg for innbyggjarane i Berg. Smelteverket har blitt lagt ned, store delar av befolkninga har mista jobben. Somme held fast i håpet om at staden vil bli den same etter ein kort omstillingsperiode, andre har bokstavelig talt lagt seg ned og gitt opp. I denne dalen klemt mellom fjell og fjord møter du menneskjer som på kvart sitt vis forsøker å finne ei meining i stillstanden. Nokon finn trøyst i den mektige naturen – men det dei ikkje veit, er at alt, absolutt alt, er opp til slumpetreff og lunefulle viljar.