Margins
Margins
Sign in
Margins
Subscribe to our newsletter
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
hello@margins.app
·
+1 (650) 223-5283
Privacy Policy
·
Terms of Use
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved
Drakeguten
Drakeguten
Series · 5 books · 2010-2015
By
Asbjørn Rydland
Books in series
#1
Drakeguten
2010
Den tretten år gamle stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og ha fridom til å gjere som han sjølv vil, men han er puslete og har ein lang veg å gå før han kan slå frå seg. Den langvegsfarande Eran kan gjera Koll til sjølvstendig mann og krigar, og saman finn dei ei drakehole som vil gi både dei og landsbyen stor rikdom. Men Koll må etter kvart velja kven han skal stola på: Eran, far sin eller den underlege stemma han høyrer i Nordavinden?
#2
Med eld i hjartet
2011
Koll reiser til Vilkafjord for å få dusøren for Reveskinnet han nedkjempa i boka Drageguten. Folk er misnøyde med styret i byen, og Koll blir vikla inn i ein maktkamp på liv og død. Dette er den andre boka om Koll.
#3
Mørkemanaren
2012
Koll er tilbake i Kervad etter den dramatiske turen til Vilkafjord, men heime er ingenting som før. Ingen vil tru på han når han varslar om mistenkelege framandfolk i skogen rundt drakehola. Det varer ikkje lenge før heile Kervad er full av utsendingar som har høyrt rykte om skatten i hola. Vil dei verkeleg berre gjere forretningar, eller har dei andre planar? Saman med Faria, dotter til smeden, tar han kampen opp mot mørkret som trugar. Kreftene han får frå Nordavinden blir endå ein gang nyttige, men dei kan òg vere farlege ...
#4
Kampen om Kervad
2014
Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit. I bok fire om Drakeguten held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram. Dei andre bøkene i serien: Drakeguten Med eld i hjartet. Drakeguten II Mørkemanaren. Drakeguten III
#5
Fredlaus
2015
Fredlaus er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endre både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt.
Author
Asbjørn Rydland
Author · 7 books