Margins
Margins
Sign in
Margins
Subscribe to our newsletter
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
hello@margins.app
·
+1 (650) 223-5283
Privacy Policy
·
Terms of Use
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved
Flukta
Flukta
Series · 2 books · 2017-2018
By
Lars Petter Sveen
Books in series
#1
Fem stjerner
2017
Barnesoldatane Aisha og Said greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu i Somalia. Så møter dei Isir, Aalliyah og Khadar, som også er på flukt frå det same. Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å ta seg til Europa. Fem unge menneske på flukt gjennom ei ukjent verd. Reisa fører dei frå flyktningleirer til lastebilar gjennom ørkenen, frå fangenskap til den farefulle ferda over Middelhavet. «Fem stjerner» er ei bok om dei som mistar alt og flyktar til ingenting, i ei verd der ingen vil ha deg og ingen veit kven du er. Men det er òg ein roman om samhald, venskap og håp.
#2
Fem skuggar
2018
Fem ungdomar har flykta frå Somalia, gjennom Afrika og over Middelhavet. No er dei komne til Europa. Dei er på veg nordover, på jakt etter ein stad dei kan starte eit nytt liv. Aisha slit med traume, ho prøver å finne ei ny historie om seg sjølv, men blir stadig minna på kven ho var før ho drog. Said kjenner ikkje lenger seg sjølv igjen, medan Khadar ikkje seier noko i det heile. Isir vel å fortelje dei historiene den nye verda vil høyre, men kva om den verkelege historia finnes i skuggane? Kven er du eigentleg når ingen veit kven du er? "Fem skuggar" er ei frittståande fortsetjing av romanen "Fem stjerner".
Author
Lars Petter Sveen
Author · 4 books