Margins
Hardanger book cover
Hardanger
2019
First Published
4.17
Average Rating
172
Number of Pages

I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen. Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.

Avg Rating
4.17
Number of Ratings
295
5 STARS
35%
4 STARS
48%
3 STARS
17%
2 STARS
1%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Marit Eikemo
Marit Eikemo
Author · 10 books

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved