
Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid. Frå toppen av den morkne Skuibakken i Bærum ser ho etter den norske dugnadsånda. På ein overgrodd kyrkjegard for psykiatriske pasientar på Valen, prøver ho å grave fram namna på gravsteinane. Ein søndag etter ein klassefest tar ho seg ulovleg inn i det som ein gong var verdas største karbidsmelteovn på Smelteverket i Odda. Frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania vitjar ho stader som vekker minne frå oppvekst og liv, men som også ber fram ulike tankar om fellesskap mellom tider og folk. Marit Eikemo har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.
Author

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.