Margins
Margins
Sign in
Margins
Subscribe to our newsletter
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
hello@margins.app
·
+1 (650) 223-5283
Privacy Policy
·
Terms of Use
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved
Slåttekar i himmelen
Slåttekar i himmelen
Series · 7 books · 2014-2023
By
Edvard Hoem
Books in series
#0.5
Jordmor på jorda
2018
«Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år. Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men o.g ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør. Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der. Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida.
#1
Haymaker in Heaven
2014
From one of Norway’s leading writers, translated into English for the very first time, comes a transatlantic novel of dreams, sacrifice, and transformation set at the turn of the twentieth century. The year is 1874. Nesje is a recent widower with a young son, working as a haymaker on an estate in the town of Molde and steadily clearing his own small holding. Then he meets Serianna—an outsider, looking for work, who takes him fishing and smokes a pipe and is thoroughly unlike anyone he’s met before. Soon the two fall in love and marry, and Nesje begins to dream of a prosperous future. But prosperity is hard to come by. Some Norwegians—including Serianna’s spirited sister, Gjertine—have begun to immigrate to the American West, attracted by the glimmer of land and commerce. One of Nesje’s sons follows, while another moves to the city and becomes a wealthy merchant, and another is adopted by Serianna’s childless brother and sister-in-law. In Norway and in America, however, the turn of the century is approaching: mechanization is superseding skilled labor, the moneyed classes are growing ever more powerful, and sacrifices don’t always deliver what was promised. Haymaker in Heaven is a sprawling saga—drawn from Edvard Hoem’s own family history—and a vivid portrait of two countries at a critical moment of intersection.
#2
Bror din på prærien
2015
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp – slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde – og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet. Bror din på prærien er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste Slåttekar i himmelen.
#3
Land ingen har sett
2016
Brørne Eilert og Anton Edvard sender brev til kvarandre over Atlanteren eit par gonger i året. Dei arbeider hardt for å bli gjeldfrie. Ute i verda rasar den første verdskrigen, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. I Romsdal driv Anton Edvard ein gard som er for liten til å dekke utgiftene hans. Om vinteren er han med på fisket frå fiskeværet Bjørnsund, det er eit nådelaust slit som kan gi stor forteneste. På Alberta-prærien blir Eilert tvinga til å dyrke opp eit stadig større område for å auke kveiteproduksjonen da prisane fell ved krigens slutt. Den etter kvart store familien til Eilert blir råka av ei ulykke som snur opp ned på alt. Den opprørske Gjertine kjem til eit vegskilje i livet og legg ut på si siste store reise til Ravenscrag i Saskatchewan. I Molde blir systera Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med slåttekaren som om han framleis var i live. «Land ingen har sett» er den tredje romanen i den store krøniken om Knut Hansen Nesje og slekta hans. Med poetisk kraft levandegjer Edvard Hoem historia om dei eventyrlystne menneska som reiste over Atlanteren for å bygge eit nytt samfunn, og dei hardt arbeidande menneska som valde å bli heime for å skapa framgang og betre tider på Norges jord.
#4
Liv andre har levd
2017
Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine. Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra. Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending. I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt. «Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?
#5
Felemakaren
2020
I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. Felemakaren er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.
#6
Husjomfru
2023
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt. Husjomfru fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen. Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. Husjomfru er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.
Author
Edvard Hoem
Author · 13 books