
Diktsamling. Hans Sande er 22 år og studerer medisin i Bergen. Han er presteson, fødd i Bergen, men oppvaksen andre stader - Førdre, Naustdal, Lier, Breim, Austevoll. "Har aldri vore borti noko litterært miljø," seier han sjølv. Som lyrikar går han da heller ikkje nokon litterær allfarveg i norsk bokheim. Denne debutsamlinga viser at han har eit sjølvstendig grep på både språk og emne, eit skarpt intellekt og ei fin evne til å ordleggje seg knapt og underfundig. Emna er vei ikkje nye, men uttrykksmåten verkar overraskende original, og ofte kjem det inn noko dobbeltydig som berre det djupt opplevde kan di.