Margins
Margins
Sign in
Margins
Subscribe to our newsletter
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
hello@margins.app
·
+1 (650) 223-5283
Privacy Policy
·
Terms of Use
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved
Vassbygda-trilogien
Vassbygda-trilogien
Series · 3 books · 2010-2021
By
Arnfinn Kolerud
Books in series
#1
Når ein først skal skyte nokon
2010
Berre ein siste, liten, trassig landsby nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Men folk på den vesle staden greier ikkje ein gong å einast om dei bur i Vassbygda eller Vassbygdi. Dei har heller ikkje a- og b-klasser på skulen, men a og i. Og den mest ihuga nynorsking av dei alle, Bendik Uføre, køyrer Toyoti. Så reiser ein bjørn seg på to og trugar med å utslette Ivar Aasen og heile nynorsken. Vassbygdingane må ta saka/saki i eigne hender.
#2
Kom ikkje inn i mitt hus
2012
Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå. Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.
#3
Gamle menn i syningom
2021
Vassbygda slår tilbake Berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda let seg likevel smitte av austlendingar som tar hair extension, som gamar på mobilen og dreg på roadtrip med brownies i goodybagen. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen? Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um? Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden. Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas, og for boka fekk Kolerud mellom anna Kritikarprisen og Nynorsk barnelitteraturpris. Gamle menn i syningom er tredje og siste bok i trilogien om Vassbygda og fortel vidare om språkstriden frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).
Author
Arnfinn Kolerud
Author · 7 books