Margins
Agnes Tveit book cover 1
Agnes Tveit book cover 2
Agnes Tveit book cover 3
Agnes Tveit
Series · 3 books · 2020-2024

Books in series

Fallesjuke book cover
#1

Fallesjuke

2020

Ein fallskjermhoppar dundrar i bakken framfor hundrevis av sjokkerte tilskodarar under Ekstremsportveko på Voss. Undersøkingar viser at fallskjermen til den omkomne småbarnsmora Veslemøy Liland er tukla med, og drapsalarmen går. Kven ville henne til livs - og kvifor? Tidlegare VG-reporter, no heimflytta lokalavisjournalist Agnes Tveit vaknar opp frå ein yrkesmessig dvale då ho begynner å leite i si eiga ungdomstid etter svar. Snart oppdagar ho at den vakre vestlandsbygda skjuler mange mørke hemmelegheiter. Fallesjuke er ein roman om nære vennskap og djupe svik, om å bryte opp og om å vende tilbake.
Tonedød book cover
#2

Tonedød

2023

Ein verdsberømt saksofonist fell død om på scenen under Vossa Jazz. Etterforskinga rykker idylliske Voss ut av påskefreden, og den eigenrådige journalisten Agnes Tveit hamnar midt oppi eit livsfarleg drapsmysterium. Saksofonisten Marta Tverberg fell død om på scenen berre minuttar etter at ho har halde ei flammande tale med kritikk av både jazzmiljø og festival. Seks hundre tilskodarar i salen er vitne til dramaet - blant dei mange som har hemmelegheiter den omdiskuterte divaen ikkje lenger kan røpe. Agnes Tveit er midt i arbeidet med biografien om Tverberg og kjem snart tett på fleire av desse hemmelegheitene. Jazzdivaen frå Voss var aldri konfliktsky, tvert imot viser det seg snart at både naboar, kollegaer og tidlegare klassekameratar kan ha hatt motiv for drapet. Agnes startar si eiga etterforsking, men jo tettare ho kjem løysinga på drapsgåta, jo farlegare blir det også for henne. Midt oppi alt er ho nysingel, og det blir vanskeleg å halde hovudet klart i nærleiken av den ferske Vossa Jazz-sjefen, som også er Agnes sin store ungdomskjærleik. Tonedød er ein ny, frisk vestlandskrim frå Randi Fuglehaug, for deg som likar eit smart plott og ei overraskande uhyggeleg løysing.
Skallebank book cover
#3

Skallebank

2024

Journalist Agnes Tveit skal dekke det tradisjonsrike Smalahovesleppet på Voss for lokalavisa då ho får auge på eit menneskehovud blant saueskallane. Den påtroppande ordføraren på Voss, tidlegare TV-kjendis og heimflytta vossing Sjur Dagestad, dukkar ikkje opp til opninga av Smalahovesleppet. Men hovudet hans gjer det. Det blir funne i festivalteltet, skilt frå resten av kroppen. Kven har tatt livet av - og halshogd - den populære politikaren? Agnes Tveit, som er tilbake i avisa Hordaland og motvillig nærmar seg sin eigen 40-årsdag, var truleg den siste som prata med Dagestad då ho portrettintervjua han dagen før. Ho kastar seg ut i ei etterforsking som avdekker stygg maktkamp, politiske fiendskap og alvorlige truslar. Jo tettare Agnes kjem på drapssaka, jo fleire truslar blir retta også mot henne. Skallebank er Randi Fuglehaug sin tredje frittståande krimroman med handling frå vakre Voss. Hennar første roman, Fallesjuke, vann Mauritz Hansen-prisen «Nytt blod» for beste norske krimdebut.

Author

Randi Fuglehaug
Randi Fuglehaug
Author · 11 books
Author of YA, crime fiction novels, children’s books and non-fiction. Based in Oslo, Norway.
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved
Agnes Tveit