
Tor Jonsson (1916-1951) var ein "klassikar" alt i levande live, og seinare er han stendig blitt meir populær - på tvers av generasjonsskilja. Fleire av dikta hans er også blitt velkjende ved at tone- og visekunstnarar har sett melodi til dei. Fyrste utgåva av Tor Jonssons Dikt i samling kom på Noregs Boklag i 1956 med etterord av Terje Ørjasæter og med eit minnedikt frå venen Jan-Magnus Bruheim. Desse er med når boka no kjem i ny utgåve.