Margins
Doggerland book cover
Doggerland
2025
First Published
4.15
Average Rating
211
Number of Pages

Intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over. Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på eit isolert fyr, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familie-løyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel? I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. Doggerland er eit intenst kammerspel  om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

Avg Rating
4.15
Number of Ratings
552
5 STARS
34%
4 STARS
49%
3 STARS
15%
2 STARS
2%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Agnes Ravatn
Agnes Ravatn
Author · 14 books

Elev ved Skrivekunstakademiet i årskullet 2004-2005. Debuterte i 2007 med romanen Veke 53.

548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved