Margins
Grand Manila book cover
Grand Manila
2006
First Published
3.65
Average Rating
416
Number of Pages

Ein roman om fem familiar, fem tiår, om verda og Sauda. Grand Manila er ein stor roman. Stor i anslag, stor i omfang, stor i innsikt. Ein roman om fem familiar i Sauda på 50-talet, og herifrå skriv den seg ut, ut i verda, gjennom tida og slektsledda: attende til den finske innbyrdeskrigen, gjennom Kanawha-dalen i West Virginia til Bhopal i den indiske delstaten Madhya Pradesh, gjennom heile den norske etterkrigstida, over Ekeberg i Oslo og inn igjen på kafeen Grand Manila i Sauda. Eg må nok bli her natta lang Men eg har vore her for lenge til å skilla Mellom dei som bur ei natt på gjestehuset Grand Og dei som løper lina ut på Grand Manila Før det heile skal ende, slik alle ting synest å ende, i eit rekkehus i utkanten av ein by. Grand Manila vart tildelt Kritikerprisen 2006 for beste skjønlitterære bok (delt med Trude Marstein: Gjøre godt). Romanen vart òg stemt fram til P2-lyttaranes romanpris same år.

Avg Rating
3.65
Number of Ratings
78
5 STARS
18%
4 STARS
45%
3 STARS
24%
2 STARS
10%
1 STARS
3%
goodreads

Author

Kjartan Flogstad
Kjartan Flogstad
Author · 10 books
Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved