Margins
Grense Jakobselv book cover
Grense Jakobselv
2009
First Published
3.44
Average Rating
436
Number of Pages

Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død. Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett? Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende. This is a dual ISBN first edition (same physical volume, two ISBNs). This page has the book club ISBN. The publisher, Gyldendal's ISBN is 82-05-39398-2 / 978-82-05-39398-1.

Avg Rating
3.44
Number of Ratings
86
5 STARS
13%
4 STARS
38%
3 STARS
33%
2 STARS
13%
1 STARS
3%
goodreads

Author

Kjartan Flogstad
Kjartan Flogstad
Author · 10 books
Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved