
«Å skrive ei bok om vårt liv i Midtbøs bakkar er ein plan eg har leika med i eg veit ikkje kor mange år. Tarjei likte den planen. Mest, trur eg, fordi det frå første stund var klart at ei slik bok måtte heite I Midtbøs bakkar. Han visste sikkert at når det vart eg som skreiv den boka – eller bøkene, det blir vel to – vart det ei bok om livet i dei heilt konkrete bakkane…Andre bakkar kunne truleg blitt like kjære, for meg. Men det vart no eingong desse vi kom til å leve i, og det er godt så. Livet i Midtbøs bakkar har vore eit godt liv» Hausten 1931 møttest Tarjei Vesaas og Halldis Moren på Bondeheimen i Oslo. Tre år etter var dei gift og budde på garden Midtbø i Vinje. – I denne velskrivne minneboka fortel forfattarinna om dei første femten åra av ekteskapet. Ho teiknar eit varmt og ofte overraskande bilete av Vesaas i ein skapande periode da han skreiv fleire av sine mest kjende bøker.