


Norsk Røyndom
Series · 10 books · 2018-2025
Books in series

#1
Mot normalt
2018
Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ryggmergsbrokk og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil. Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. Som mor hans har sagt det:
«Eg er så glad du er funksjonshemma. Det har gitt deg pengar frå NAV til studium og tid til å utforske deg sjølv og kva du vil. No kan du arbeide med det du likar, og likevel klare deg økonomisk. Utan funksjonshemmingane hadde du sikkert blitt i Brumunddal og kanskje jobba på posten!»
For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv.
Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

#2
Ikkje ver redd sånne som meg
2018
«Det er først no, som tjueåring, eg forstår kor knusande 22. juli var for meg. For identiteten min. Eg var tretten år, og eg slapp ikkje unna det politiske. Eg bar det med heile meg.»
Sumaya Jirde Ali kom til Bodø som barn og blei behandla som alle andre, ho kjende at ho høyrde til. I boka fortel ho om dei bekymringslause dagane i barndommen. Ho fortel om sjokket då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011, og kva det gjorde med synet hennar på eigen identitet og tilhøyrsel. Ho skildrar kjensla av skam og sjølvforakt, av å bli umenneskeleggjort, og lengselen etter å høyre til. Vi får også innblikk i kva ho gjer for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner.

#3
Eg snakkar om det heile tida
2018
Eg ringer ei venninne.
Kalla mannen i baren meg svarting då eg ikkje ville gi han nummeret mitt? Den gongen vi hadde avtalt å drikke øl, men så drakk vi tequila i staden?
Ho blir still.
Nei. Han kalla deg nigger.
Takk, seier eg. Tusen takk for at du hugsar.
Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?

#4
Homoflokar
2018
For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på?
Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transeperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp. Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Det er blitt ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme). Men den største kløfta er den som skil hetero frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er ein del av problemet?

#5
Du som er i himmelen
2018
Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise fram.
I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?
Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn. I kontrast til mørket står det kristne håpet om nytt liv og nytt lys. Er det ei desperat handling å slutte seg til eit slikt håp? Med gravferda til dottera som ramme går Walgermo til kjernen av den kristne bodskapen. Kva betyr denne bodskapen for han? Og er trua noko som står seg i Noreg i vår tid?

#7
Brev til Noreg
2018
Då somaliske Mona Ibrahim Ahmed var 16, tok ho eit modig val. Ho ville bestemme over sitt eige liv. Det kosta henne dyrt og gjekk ut over forholdet til familien og miljøet ho kom frå. Men no, etter ti år i Noreg, fekk ho avslag på søknaden om å bli norsk statsborgar. På desse ti åra har Mona blitt ei sentral stemme i Bergen som ei av dei som oppmuntrar unge med minoritetsbakgrunn til å ta eigne val. Mona tok dei vala Noreg gav henne, no vil heller ikkje Noreg ha henne her.
I Brev til Noreg fortel Mona om oppveksten som somalisk flyktning i Etiopia, om reisa til Noreg, om å komme frå ein klankultur til eit samfunn der staten har overteke mange av familiens oppgåver, og om møtet med eit land som lærte henne at det å reflektere er ei gåve, at det å ta eigne val er ein rett.
Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

#8
Aldri god nok
2025
Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.
I Aldri god nok tek Jeswanthiny Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne?
Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Det prøver denne boka å svare på.

#9
Blakk
2025
Gjer deg klar til å bli rørt, sint og inspirert til å tenke nytt om Forskjells-Noreg.
«Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?»
Spørsmålet er stilt av Jens Kihl, som sjølv vaks opp med ei mor som ofte var blakk. Men det var først då dei flytta til Ullevål hageby på Oslos vestkant, at han fekk oppleve Forskjells-Noreg i praksis. I denne boka tenkjer han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er blitt ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring frå ein uvanleg oppvekst. Eller var han så uvanleg? Det prøver denne boka å svare på.

#11
Mi høgre hand - Vegen mot ein identitet som funksjonshemma
2025
Visste du at verdas største minoritet er 20 prosent av befolkninga – også omtala som funksjonshemma?
Mi høgre hand er ei tankevekkande og innsiktsfull bok som utfordrar gjengse oppfatningar om funksjonshemming. Mone Celin vart fødd med ein sjeldan tilstand som gjer at høgrehanda hennar er mindre enn den venstre. Her deler ho si forteljing om å vekse opp i ei lita nordvestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Gjennom eigne røynsler og andre sine haldningar og blikk på henne vart ho gradvis meir bevisst på plassen blant dei 20 prosentane av befolkninga som går under paraplyen funksjonshemma, verdas største minoritet.
Skrede skriv ope og varmt om korleis ho har navigert i livet sitt, og korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla». I dag arbeider ho i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA), og som legg til rette for at funksjonshemma kan leve livet dei sjølv ønskjer.

#12
Innanfor. Utanfor - men alltid autist
2025
Om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.
I Innanfor. Utanfor fortel Stine Hanssen Brattland historia si om å mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk ho diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfor samfunnet sine rammer og fortel om korleis diagnosen har opna dører til å forstå seg sjølv betre. Innanfor. Utanfor er ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.
Authors

Sumaya Jirde Ali
Author · 6 books
Sumaya Jirde Ali (f. 1997) er en norsk-somalisk samfunnsdebattant, litteraturkritiker, dramatiker, forfatter og poet. I 2017 kom Jirde Alis første diktsamling, Kvinner som hater menn, og året etter kom samlingen Melanin hvitere enn blekemiddel og pamfletten Ikkje ver redd sånne som meg. I 2021 utga hun diktsamlingen Når jeg ser havet, slokner lyset. For sine bidrag til norsk offentlighet har Jirde Ali fått Osloprisen Årets stemme, Zola-prisen, Ord i Grenseland-prisen og Den norsk Forfatterforeningens Ytringsfrihetspris. I 2021 ble hun også tildelt Amalie Skram-prisen.

Kristin Fridtun
Author · 3 books
Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.

Camara Lundestad Joof
Author · 1 book
(f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloførestillinga Pavlovs tispe. Frå 2018 er Joof Husdramatikar på Dramatikkens Hus.