Margins
Homoflokar book cover
Homoflokar
2018
First Published
3.91
Average Rating
66
Number of Pages

Part of Series

For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på? Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transeperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp. Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Det er blitt ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme). Men den største kløfta er den som skil hetero frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er ein del av problemet?

Avg Rating
3.91
Number of Ratings
144
5 STARS
21%
4 STARS
51%
3 STARS
26%
2 STARS
2%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Kristin Fridtun
Kristin Fridtun
Author · 3 books
Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2026 Paratext Inc. All rights reserved