Margins
Operasjon sjølvdisiplin book cover
Operasjon sjølvdisiplin
2014
First Published
4.02
Average Rating
108
Number of Pages

"For deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkelig tufs i tidsklemme." Sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg! Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit. Boka passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete. Tekstane i boka byggjer på ein artikkelserie i Dag og Tid.

Avg Rating
4.02
Number of Ratings
777
5 STARS
29%
4 STARS
48%
3 STARS
19%
2 STARS
3%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Agnes Ravatn
Agnes Ravatn
Author · 9 books

Elev ved Skrivekunstakademiet i årskullet 2004-2005. Debuterte i 2007 med romanen Veke 53.

548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved