"All skaldens ære var/ elta i støv om veikt/ eg svart-skallen Torgrim/ slo," kvad Tormod Kolbrunarskald ein gong. Også skalden var med i strid, og han er ein av hovudpersonane i denne soga. Fosterbroren Torgeir Håvarsson var ei veldig slåstkjempe. Soga fortel om livet deira, ungdomsåra i Vestfjordane på Island, Tormods kjærleikseventyr med Tordis og Torbjørg (den siste med tilnamnet Kolbrun, som også gav skalden tilnamn), Torgeirs bragder som hirdmann hos kong Olav den heilage til han vart drepen på Island, Tormods reise til Grønland og hemn for fosterbroren, og korleis Tormod vart Olav den heilages skald og fall i slaget på Stiklestad. Som eit tillegg til soga står Tormodståtten, som fortel om Tormods opphald hos Knut den mektige i Danmark og møtet med kong Olav. Soga om fosterbrørne er ei av dei islendingesogene som også blir kalla skaldesoger, og boka inneheld mange dikt av Tormod. Halldór Laxness nytta både form og stoff frå denne boka til romanen som på norsk har fått tittelen "Kjempeliv i nord".