Margins
Tale Of Terrible Times book cover
Tale Of Terrible Times
2017
First Published
4.29
Average Rating
158
Number of Pages
Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. «- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet. - Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet. Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje. - På øyret til bilen.» Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp? Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.
Avg Rating
4.29
Number of Ratings
2,079
5 STARS
44%
4 STARS
42%
3 STARS
11%
2 STARS
2%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Olaug Nilssen
Olaug Nilssen
Author · 5 books
Fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved