Margins
Vi er brødrene Eikemo book cover
Vi er brødrene Eikemo
2024
First Published
4.20
Average Rating
245
Number of Pages
Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkje lenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per sjølv måtte overta som 14-åring da faren døydde. Her voks han opp, saman med dei fire brørne sine, den eine villare enn den andre. Dei har halde det gåande med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp. Dei fire etasjane har alltid vore fulle av liv og prosjekt. No er det berre Per igjen i huset - og klokka som stadig tikkar og går. Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
Avg Rating
4.20
Number of Ratings
295
5 STARS
41%
4 STARS
41%
3 STARS
16%
2 STARS
3%
1 STARS
0%
goodreads

Author

Marit Eikemo
Marit Eikemo
Author · 10 books

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

548 Market St PMB 65688, San Francisco California 94104-5401 USA
© 2025 Paratext Inc. All rights reserved