
Yt etter evne, få etter behov
2020
First Published
4.28
Average Rating
190
Number of Pages
Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer? I «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?
Avg Rating
4.28
Number of Ratings
833
5 STARS
44%
4 STARS
42%
3 STARS
12%
2 STARS
2%
1 STARS
0%
goodreads
Author

Olaug Nilssen
Author · 5 books
Fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.